Kan ta noregsrekorden kva tid som helst

05/06/2022
Ann Karene Rasmussen
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / BILDBYRÅN

Noregsrekorden i kulestøt er så gammal at han nærmar seg verneverdig. Marcus Thomsen snakkar sjølvsikkert om at han er klar til å ta han.

– I dag eller i morgon. Eg kan ta han kva tid som helst, seier 24-åringen om Lars Arvid Nilsens 21,22 frå 1986, tolv år før Thomsen vart fødd.

Ikkje at han har det travelt. Kulestøytarar har det med å nærma seg toppen først når dei passerer 30. Slik sett ligg Marcus Thomsen godt framfor skjema. Berre 13 små centimeter skil mellom persen og rekorden …

Nordmann meir enn vossing

Har du godt språkøyre, kan du ta han på dialekten. At han er oppvaksen på Voss. Men sidan 2012, då Marcus var 14 og familien flytta til Danmark, der far hans skulle ta vidareutdanning, har han knapt vore attende til heimbygda. Ikkje eingong på besøk, bortsett frå ein gong i 2016. Seks år i Århus gjorde han like god i dansk som i vossadialekt.

– Eg er sjølvsagt stolt over Voss. Alle bør vera stolte over heimplassen sin. Men eg reknar meg meir som nordmann enn som vossing, seier lysluggen.

Det var i Danmark friidrettskarrieren tok til. Det finst ingen openberre friidrettsgener i familien, og det var heilt på eige initiativ at 14-åringen tok kontakt med den lokale friidrettsklubben, Århus 1900, og fann fram til kuleringen.

Auka med ti meter på eitt år

Talentet synte seg ikkje med det same.

– I den første konkurransen eg deltok i, etter to månader med trening, kasta eg 8,72 meter.

Så eksploderte det. På eitt år betra han persen med ti meter. Ein gneist for kule var tent.

– Det er kult å sjå korleis ei blanding av styrke og teknikk kan få ei kule på 7,26 kilo til flyga frå kroppen. Langt av garde, seier Thomsen. Han har ein draum om ein dag å gjera øvinga folkekjær, på same viset som Eivind Henriksen gjorde med slegga i OL i Tokyo i 2021.

– Eg trur bestemt at det kan skje, og eg ser det for meg. Det vanskelegaste er å koma til ein finale i ein meisterskap. Hamnar du først i finalen, kan alt skje.

Kule på heiltid

Marcus Thomsen veit ikkje når, men han kjenner seg trygg på at han kjem til å ta medalje internasjonalt i kule. Han hadde ikkje trent tolv økter i veka om han ikkje hadde hatt trua.

Sidan 2017 har han vore knytt til kastgruppa til den islandske suksesstrenaren Vesteinn Hafsteinsson. Han har base i Växjö i Sverige. Sidan 2017 har han også vore kulekastar på heiltid. I byrjinga med sponsorstøtte frå mor og far. Etter kvart har det late seg gjera ved hjelp av pengar frå forbund, klubb og sponsorar.

Etter fleire år i Tjalve, har Thomsen nyleg bytta til Norna-Salhus. Det er mykje fordi familien har flytta attende til Vestlandet.

– Når eg er heime frå Växjö, vil eg ha basen min i Bergen. Det lettar kvardagen min. Dessutan følte eg at eg trengte ei endring, seier Thomsen om klubbskiftet.

Den beste innesesongen nokon gong

Han har bak seg ein god treningsvinter, og innesesongen er den beste han har hatt nokon gong. Det gjer han optimistisk framfor Trond Mohn Games og resten av sesongen.

– Eg kjem til Fana stadion for å kasta så langt som eg kan. Pers og noregsrekord hadde vore kjekt. Å ta kvalifiseringskravet til VM (21,10) også. Men di lenger ein kastar, di tøffare blir det å setja nye rekordar, konstaterer 24-åringen, som har 21,09 innandørs (2021) og 21,03 ute (2020) som sine bestenoteringar.

Inntil vidare …